Quantcast
Channel: Folkelista for Hareid kommune
Viewing all articles
Browse latest Browse all 22

Tussa og gjeld ved Hareid + Ulstein + Herøy + ?

$
0
0

 

I 1967 skulle svenskane gå over frå venstrekøyring til høgrekøyring for å tilpasse trafikkmønsteret til sine naboland. Nordmenn let sjølvsagt ikkje denne sjansen går ifrå seg til å lage ein svenskevits: For at overgangen ikkje skulle bli for brå, skulle svenskane fyrst ha ei prøveordning der berre tungtrafikk skulle køyre på høgresida!

Det er ei liknande «overgangsordning» eg fryktar enkelte funderer på i kommunereforma når det gjeld til dømes eigedomsskatt, kontrollen over Tussa-aksjar eller eventuell opparbeidd gjeld. Aksjane og anna på sengebotnen er ulikt fordelt mellom kommunane. Ta Hareid sine Tussa-aksjar som døme. Vi vil ikkje få ei overgangsordning der innbyggarar som bur i området frå Nevstad til Kvitneset og inn til Hjørungneset held kontrollen over «sine» aksjar i nokre år etter ei eventuell samanslåing. Ei ordning der til dømes Hareid øyremerkar utbytte frå Tussa-aksjane «sine» til investeringar til «sin» del av kommunen, vil bli håplaus å praktisere i ein ny storkommune.

Spørsmål som gjeld eller aksjar er eit vanskeleg tema i dei nær føreslåande forhandlingane. Optimistane kan legge denne bekymringa til side, for dette kan ikkje vere forhandlingstema: I ei samanslåing vert både gjeld og aksjar felles frå fyrste dag. Det betyr mellom anna at herøyværingar blir medeigarar i Hareid sine Tussa-aksjer og blir medansvarlege for Ulstein si gjeld, og vice versa rundt på heile Ytre. Slik praktiserte ein kommunereformen på 1960-talet, og slik må ein også gjere det no. Eit ekteskap startar idet ein seier ja, ikkje etter nokre år.

 

Kristian Fuglseth

Folkelista for Hareid kommune

 

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 22