Quantcast
Channel: Folkelista for Hareid kommune
Viewing all articles
Browse latest Browse all 22

Prosentrekning og overskrifter

$
0
0

 

– Dess fleire alternativ du har i folkerøystingane, dess større vert prosentsummen for eine eller hitt alternativet. Har du nok alternativ kan du kome opp i både 150 og 200 % slik nokre no reknar.

 

Etter valet i Vanylven er talet i Sunnmørsposten 72,5 % for Runde kommune, og grunnlaget for tittelen «Ja-skred for Runde kommune i Vanylven.» I Vikebladet Vestposten og på NRK.no brukar ein same talet. Kjelda er kommunen sine eigne nettsider, der nokon har summert to ja-alternativ og kjem over 60 % for samanslåing – når realiteten er knapt 50 % til førsteplassen. Det er skilnad på 53 og 72.

Realiteten er at det er 53,35 % som har røysta for eit samanslåing nordover, men resultata vert slått saman med 7,64 % for samanslåing sørover. Slik legg dei saman nord og sør, som om ei røyst eine vegen kan takast til inntekt for ei røyst andre vegen. Korleis kan de vere så sikre på at ein innbyggar ville gå for samanslåing dersom ho ikkje fekk gå rette vegen? Kanskje ho hadde tenkt slik at dersom det ikkje vart Runde, ja, då kan Vanylven like gjerne stå åleine. Resultatet i Vanylven er klart, men om same reknemåten skulle nyttast andre stader – kan det verte feil.

 

Absolut 60 %

Skal ein gjere det same på Hareid, kan ein få eit reknestykke der 40 % røyster for sjølvstende, 30 % for Ålesund og 30 % for Runde kommune. Skal ein då ta ei røyst for Runde som ein garanti for at denne personen like gjerne ville verte ein del av Ålesund?

– Nei, dersom det er 40 % for sjølvstende, ja, då er denne prosenten høgre enn 30 % for eitt av samanslåingsalternativa. Ein kan ikkje starte ei samanslåingssummering for å oppnå høgre tal enn det som er reelt. Korleis skal dei gjere det i Ulsteinvik? Der er det no tre alternativ. Ei blank røyst tel visst som Hareid, seier ordføraren. Desse blanke kan leggast saman med røyster for Runde kommune – og då har ein truleg fleirtal for samanslåing der også.

 

Uklare alternativ

– No ser ein kvifor det lett vert misvisande med mange utydelege alternativ. Slik til dømes forslaget frå Sverre Bjåstad på Hareid eller fleire andre som har uttalt seg om å få fleire alternativ. Dersom ein skal bruke folkerøystinga som ei meiningsmåling, får du statistiske feil og misvisande resultat. Ja A, Ja B, Ja C og dersom du er i tvil på ein skala frå ein til fem sånn og slik. Dette høver betre i ei telefonundersøking der spørjegranskaren er ute etter ei skalerbar meiningsmåling om du likar namnet på ein sjampo eller om du vurderer å byte forsikringsselskap. I ei rådgjevande folkerøysting finn ein førsteplass og andreplass og til naud tredjeplass. Dersom du lurer på om du skal følgje fleirtalet, eller om der er betre argument for sølvplasseringa – ja, det er opp til kvar enkelt.

 

Helsing frå Kristian Fuglseth


Viewing all articles
Browse latest Browse all 22